Søk i denne bloggen

tirsdag 27. mars 2018

Bok: "Erik Bye"

Forfatter: Asbjørn Bakke (f. 1961)
Utgitt: 2017
Format: Lydbok lest av Dennis Storhøi, 22t43min31sek
Forlag: Lydbokforlaget

Asbjørn Bakke er vaktsjef i Aftenposten og har i over 30 år vore ein av Noregs dyktigste og mest profilerte rockkritikere, blant anna som redaktør i musikkavisa Nye Takter på 1980-talet. Han har gitt ut sjølv og vore medforfatter på bøker om rockhistorien, og kom i fjor ut med biografien om Erik Bye. I bokas takk frå forfatteren vart det avslørt at han har haldt på denne boka i sju år, og det sier litt om kor mykje stoff det fins om Erik Bye.

Erik Bye er eit namn og ein mann som eg ikkje er så kjent med. Eg er hakket for ung til å ha opplevd han både i radio og TV, men eg har høyrt mine foreldre snakke om han både før og etter han døydde. Erik Bye vart fødd i Brooklyn i USA på slutten av 20-talet, og hans far var operasanger Erik Ole Bye. Seinare flytta familien til Noreg, og foreldra opna pensjonat. Erik Bye hadde utferdstrang og reiste til USA etter krigen. Etter fleire år kom han heim, men faren såg han aldri igjen. Operasangeren døydde før sonen rakk heim. Bye har gjort mykje i det norske samfunnet og baksideteksten på lydboka lister opp hans mange sider: "programlederen, journalisten, visesangeren, dikteren, samfunnsrefseren, eventyreren og medmennesket" og då århundrets nordmann vart kåra på NRK i 2005 vart Erik Bye kun slått av kong Olav V og Einar Gerhardsen. 

Då eg såg boka første gong i bokhandelen i fjor var det ikkje umiddelbar glede for det var ikkje snakk om at eg skulle gje meg i kast med den 528 siders tjukke boka om ein mann eg såvidt visste kva hadde gjort. For eit par veker sidan fant eg lydboka utstilt på biblioteket, og den vart med heim. Til tider har eg irritert meg grønn over den unge Erik Bye som på sin USA-farting verken hadde orden på penger eller utdannelse. Eg har humra og ledd meg gjennom store deler av boka, og har dei siste dagane høyrt mange timer for å faktisk bli ferdig. I dag var dagen, og mot slutten rant tårene. Eg har det siste året etter min farfars død hatt lettere for å ta til tårene, og i dag fekk dei renne fritt då Erik Byes liv ebba ut i oktober 2004. Det kan ikkje ha vore lett for Tove Billington Bye å vere gift med Erik Bye, men at kjærleiken stod høgast er det ingen tvil om.

Erik Bye er ein meget velskrevet biografi om giganten, og i skrivande stund høyrer eg hans siste plate Støv og stjerner og kan sjå føre meg korleis den vart spilt inn i Byes eiga stove i Asker. Dokumentarfilmen Giganten (2005) har eg bestilt på biblioteket, og ser fram til å sjå den. Til slutt må eg skrive noko om Dennis Storhøi. Hadde det ikkje vore for at det er han som har lest inn boka er det ikkje sikkert den hadde blitt høyrt. Storhøi leser med bravur, og frå nå av burde han lese alle bøker som eg elles finner keisame. Eg har eit par titler som han godt kunne lest framfor andre, men eg skal la ver å skrive det her. Erik Bye anbefales varmt!

XOXO

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar