Søk i denne bloggen

fredag 3. november 2017

1001 bøker/Booker 1989: "Resten av dagen"

Forfatter: Kazuo Ishiguro (f. 1954)
Originaltittel: The Remains of the Day, omsett av Kari og Kjell Risvik
Utgitt: 1989
Min utgåve: 1990
Format: Innbundet, 264 sider
Forlag: Cappelen Damm

Den japanskbritiske forfatteren Kazuo Ishiguro mottok tidlegare i år Nobelprisen i litteratur for sitt forfatterskap. Han har ikkje skrevet så altfor mange bøker, men eg har høyrt godt om dei. I løpet av den neste månaden skal eg lese fleire av hans bøker og eg ser fram til å oppdage hans forfatterskap.

I romanen Resten av dagen treffer me den britiske butleren Stevens som i ei årrekke har jobba på lord Darlingtons gods. Nå er det ein amerikaner som har kjøpt godset etter lordens død, og han er ein heilt anna type enn den gamle lorden. Då Mr Farraday etter ei tid på godset annonserer at han skal på ferie tilbyr han Stevens å låne bilen, og ta seg ein ferie. Stevens som knapt har vore på ferie i sitt liv tar imot det sjenerøse tilbodet og legger ut i retning mot ein tidlegare ansatt på godset. Miss Kenton, den tidlegare hushaldersken, forlot godset brått for omtrent tjue år sidan, og undervegs på reisen undrer Stevens seg om han ikkje skulle ha avvist hennar tilnærmingar då dei begge jobba på godset.


Handlinga er lavmælt og fortetta og ut av den kjem eit bilete av Imperiet England, og dens utvikling gjennom auga på butleren. Undervegs på reisa tenkjer han tilbake på sitt virke og sine haldninger, og treffer i tillegg mennesker som stiller spørsmål ved hans eksistens og livsverk.

Når du har nærmare 8 timer tilgjengelig på toget frå Oslo til Stavanger ein søndag så velger du dine bøker med omhu. Resten av dagen vart valgt på grunn av sin størrelse, og på grunn av at mitt førsteinntrykk var ein ytterst keisam film med Emma Thompson og Anthony Hopkins i hovudrollene. I løpet av romanen vart min konklusjon at det var ein dårleg dag å sjå filmen på, og at det er ein god del år sidan eg såg den. Resten av dagen er ikkje spennande i så måte, den er heller interessant med gode skildringar, godt språk og ei aldri keisam handling. Anbefales!

XOXO

9 kommentarer:

  1. Dette er en bok jeg lenge har ønsket å lese og jeg kjøpte den nå når han vant Nobelprisen i litteratur. Mulig jeg skyver den litt opp på listen når jeg ser at du likte den.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ikke at det spiller noen rolle,men denne kjøpte jeg for lenge siden på antikvariat. Det var "Gå ikke fra meg" jeg kjøpte og så har jeg den nyeste liggende. Blir spennende å ta fatt på bøkene hans.

      Slett
    2. Eg las Ein kjempe begravd/The Buried Giant då den var på Bookerlista, og har lenge tenkt eg skulle lese han. Då han vant prisen vart eg kjempehappy for han har ikkje skrevet så altfor mykje :-)

      Slett
  2. Ble så glad når Ishiguro vant prisen! Denne og The Buried Gigant er mine favoritter av forfatteren.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg og vart veldig glad! Har fleire bøker av han frå biblioteket, og ser fram til å bli betre kjent med bøkene hans.

      Slett
  3. Denne er neste på listen av Ishiguro. Leste Never Let Me Go tidligere i år og likte, men elsket ikke.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg har såvidt begynt på Never Let Me Go, men andre ting kom i vegen (les: Lucinda Riley). Ser fram til å bli betre kjent med Ishiguros bøker.

      Slett
  4. Gleder meg til å lese denne på nytt. Synes den var helt nydelig da jeg leste den for en del år siden.

    SvarSlett
    Svar
    1. Den var ikkje så verst, og eg ser fram til fleire Ishiguro-bøker :-)

      Slett