Søk i denne bloggen

tirsdag 24. oktober 2017

Gilmore girls Book Tag


Gilmore girls har vore med meg i årevis, og fjorårets A Year in the Life vart sett i eit strekk. Den originale serien har eg sett fleire gonger, og kvar gong eg ser ein Jeep ønsker eg at Lorelai Gilmore skal komme ut av den. Boklege tagleker er veldig gøy, og ein fin måte å tenke gjennom kva du har lest, og korleis dei traff deg.

* Lorelai: Ein karakter med ein morsom eller sarkastisk form for humor
Mr Bennet i Pride and Prejudice har mange vittige kommentarer, som ofte blir oppfatta som heilt seriøse av hans omgangskrets.

* Rory: Din favorittklassiker
Eg trur ikkje at Rory har ein favorittklassiker, og det har heller ikkje eg. Korleis velger ein mellom Jane Eyre, Persuasion, North and South og Anna Karenina.

* Luke: Ei bok du elsker i hemmelighet
Eg er etterkvart av dei få på min alder som digger Twilight-sagaen. Både i bokform og på film.

* Lane: Ein musikalsk karakter
Anne Elliott speler ofte piano i Persuasion, og er meget flink som datidens unge damer ofte var. Eg skulle likevel ønske at ho heller hadde dansa oftare med Captain Wentworth.

* Dean: Din første bokkjærlighet
Eg las Anne frå Bjørkely i 13-årsalderen, og falt fullstendig for både Anne og Gilbert Blythe. Då eg såg filmatiseringa frå 80-talet vart eg fullstendig forgapt. Nydelige bøker om ei jente som hadde mange odds mot seg, men som reiste seg sakte, men sikkert.

* Sookie: Ei bok som oppslukte deg
To Kill a Mockingbird las eg nærmast i eit strekk for nokre år sidan. Fantastisk historie!

* Jess: Ei bok du elsker, men som andre hater
Då lesesirkelen skulle lese The House of Seven Gables trudde eg den var lik ein anna Hawthorne-roman (The Scarlet Letter). Det var den dog ikkje, og det vart tungt å kome gjennom. Eg elsker ikkje romanen, men eg likte den betre enn mange av dei som ikkje kom til slutten.

* Miss Patty: Ei bok som vart ødelagt av hype
Fleire av Jo Nesbøs bøker har eg lest fleire år etter utgivelse fordi hypen (og mailene) er så massive fleire månader før utgivelse.

* Emily Gilmore: Ei dyr bok
Eg har ikkje så mange dyre bøker, men når eg kikker rundt i leiligheten og ser alle bøkene, så har eg ganske mange. Og det er dyrt i seg sjølv!

* Paris: Ein anspent karakter
Mrs Bennet i Pride and Prejudice er mannens rake motsetning, og det er ein karakter eg oppfatter som veldig anspent. Eg får meg ikkje til å like dette mennesket, så opptatt som ho er av å få sine døtre gift.

XOXO

2 kommentarer:

  1. Jane Eyre er en av mine favoritt bøker. Elsker den :-) Liker godt også Persuasion, men har bare sett filmatiseringen ikke lest boka. Lyst til å gjøre det en gang.

    SvarSlett
    Svar
    1. Jane Eyre er bare fantastisk, og Persuasion bør du finne tid til :-)

      Slett