Søk i denne bloggen

mandag 4. september 2017

Booker-longlist: "Days Without End"

Forfatter: Sebastian Barry (f. 1955)
Utgitt: 2016
Format: Heftet, 301 sider
Forlag: Faber and Faber

Den irske forfatteren Sebastian Barry er eit kjent namn i litteraturverda, og har hatt to romaner på shortlist og ein på longlist tidlegare. A Long Long Way (2005) og The Secret Scripture (2008) har vore på shortlist, medan On Canaan's Side (2011) var på longlist. Barry er i tillegg den første romanforfatteren som har mottatt Costaprisen for Book of the Year to gonger. Han blir av mange rekna som ei av Irlands beste forfattere, og er med romanen Days Without End på dette årets Man Booker Prize longlist.

I Days Without End møter me sytten år gamle Thomas McNulty som har nyleg verva seg til hæren på 1850-talet. Tidleg i boka møter han John Cole, og dei to kjemper side om side i den amerikanske borgerkrigen. Ein heil del anna skjer med dei to, og på eit tidspunkt i boka treffer dei ei jente, men så langt kom eg aldri.

Når du ca 20 sider inn innser at både språket og historien ikkje er i di gate, men hallo, boka er nominert til Booker-prisen og du leser ca 100 sider til, men kor mykje eg har fått med meg er eit anna spørsmål. Eg har lest dialekt før på engelsk, men det var ikkje heile boka den gong. I Elizabeth Gaskell North and South er det brukt ei anna dialekt når Margarets venner Nicholas og Bessy snakker, og det er heilt greit. I Days Without End følte eg for å lese høgt fleire gonger for å få med meg kva som vart sagt, og det er slitsomt i lengden.

Eg ser at fleire på Goodreads gir boka høg score, og eit par har ikkje lest ferdig, men alle kan ikkje like dei same bøkene. Det blir fort kjedeleg! Om 9 dager blir shortlist annonsert, og eg trur faktisk denne boka kjem med sjølv om eg ikkje likte den.


XOXO

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar