Søk i denne bloggen

søndag 10. september 2017

Bok: "Vi på Saltkråkan"

Forfatter: Astrid Lindgren (1907-2002)
Utgitt: 1964
Min utgåve: 2017
Format: Innbundet, 391 sider
Forlag: Cappelen Damm

Den svenske forfatteren Astrid Lindgren er verdskjent for sine romaner for barn, og for sine ulike karakterer som Pippi, Madicken, Emil og Rasmus. I 2017 skal eg fokusere på Lindgrens romaner, og eg veit det er mange gode historier i disse bøkene.

Vi på Saltkråkan er historier om då familien Melkerson frå Stockholm tilbrakte eit år på øya Saltkråkan og endte opp med å kjøpe huset etter ein heisatur i gatene i Norrtälje. I tillegg til dei fem medlemmene Melkerson blir me kjent med familien Grankvist, Söderman og hans barnebarn Stina, læreren Bjørn og eit par andre bikarakterer. For meg er dette kjente og kjære historier frå barndommen då min barndoms bok har eit flott bilete av Tjorven og Båtsmann på omslaget, og har blitt lest fleire gonger. Eg har og vore i Astrid Lindgrens verden i Vimmerby og tatt toget gjennom Saltkråkan-teateret. Meget god opplevelse!

Det som er spesielt med Vi på Saltkråkan er at dette vart først skrevet som manus til ein TV-serie, og boka i sin heilhet vart skrevet etterpå. TV-serien frå 1964 vart godt mottatt og eg har sett den fleire gonger. Det er og lagt fem spillefilmer seinere, og der får me ein fortsettelse av romansen som oppstår på slutten mellom Malin og Petter. For ein romantiker som meg så vart det fint! Sidan eg kan Vi på Saltkråkan nærmast på rams så vart denne lesinga litt kjedeleg til tider, så nå kan det godt ta nokre år før eg leser den om igjen. Feidene mellom Tjorven, Pelle og Stina blir aldri utdaterte, og eg kan nærmast sjå føre meg ansikta til Johan og Niklas då dei oppdager at Teddy og Freddy ikkje er gutter, men jenter. Festlige øyeblikk! Anbefales!

XOXO

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar