Søk i denne bloggen

torsdag 24. august 2017

Booker-longlist: "Autumn" (Seasonal #1)

Forfatter: Ali Smith (f. 1962)
Utgitt: 2016
Format: Heftet, 260 sider
Forlag: Hamish Hamilton

Den skotske forfatteren Ali Smith er eit kjent namn i litteraturverda og har hatt foten innføre Man Booker Prize i fleire år. Ho har vore shortlist med fleire romaner: Hotel World (2001, shortlist), The Accidental (2005, shortlist) og How to be Both (2014, shortlist). I tillegg til å vera forfatter skriver Ali Smith skodespel, og artikler for fleire kjente aviser. Med romanen Autumn, som er den første i ein serie på fire, er Ali Smith på dette årets Man Booker Prize longlist.

I Autumn møter me den unge damen Elisabeth Demand som er på veg til å fornye passet sitt. Brexit er på god veg til å bli vedtatt på dei britiske øyer, og Elisabeth vil forsikre seg om at ho kan flytte på seg om ho vil. Fleire dager i veka besøker ho sin tidlegare nabo, Daniel, på eldresenteret der alle venter på at han skal dø. Daniel er 101 år, men Elisabeth vil gjerne behalde han ei stund til. Romanen handler om ei rekke ting utanom Brexit, som kunst og politikk, byråkrati og vennskap, men det er Brexit som er det store spørsmålet i boka. Nasjonalisme og fremmedfrykt blir godt skildra av Smith, men det er vennskapet mellom Elisabeth og Daniel som er det nydelege med romanen. Det er ein vanskeleg roman å beskrive, men med eit meget godt språk fungerer den.

Eg må ærleg innrømme at eg får ikkje heilt tak på den, og kunne godt hatt den på lyd. Den hopper ein del fram og tilbake frå nåtid til Elisabeths barndom, og det er ikkje så godt beskrevet kor i livet til Elisabeth me befinner oss til alle tider. Eg har ikkje lest noko av Ali Smith tidlegare, men dessverre bidrar ikkje denne romanen til fleire besøk med det første. Om den hamner på shortlist 13. september blir eg ikkje overraska. Time will show!

XOXO



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar