Søk i denne bloggen

mandag 10. april 2017

Bok: "De usynlige"

Forfatter: Roy Jacobsen (f. 1954)
Utgitt: 2013
Min utgåve: 2013
Format: Lydbok lest av Nils Johnson, 6t28min55sek
Forlag: Cappelen Damm

Den norske forfatteren Roy Jacobsen er eit meget kjent namn i litteratur-Noreg og står ofte øverst på pallen når norske bokpriser skal deles ut. Han har mottatt Bokhandlerprisen fleire gonger, og har mottatt Kritikerprisen både for vaksne og for ungdom. Han debuterte i 1982, og hans roman De usynlige hamna på Man Booker International Prize Longlist i mars.

Handlinga i De usynlige går føre seg i tidsrommet 1913 til 1928 på forblåste øyer i havgapet på Helgelandskysten. Hovudpersonen, Ingrid, vokser opp i kystsamfunnet og blir etterkvart vaksen i løpet av boka. De usynlige handler om kvardagsliv, eventyr og tanker om framtid, og er eit stykke Noregshistorie frå ein forfatter som kjenner miljøet.

Sjokket og gleda var stor då eg 15. mars oppdaga at ein nordmann var på langlista til Booker-prisen. Roy Jacobsen er oversatt til rundt 30 land, og det er 2017-oversettelsen (The Unseen, oversatt av Don Shaw og Don Bartlett) som er i søkelyset saman med 12 andre romaner. Sidan romanen kom ut i Noreg i 2013 har den vore gjenstand for mange meiningar, og eg har lest og høyrt både bra og dårleg om denne romanen. Det norske bokbloggermiljøet har vore delt, og det vart ikkje betre då den kom på bokbloggerprisens kortliste for 2013. Etter å ha høyrt den sjølv (og ja det måtte ein Booker-nominasjon til for å overbevise meg) med skodespelar Nils Johnsons glitrande stemme har eg i alle fall ein fot i heia-gjengen til Jacobsen. Det er ikkje sikkert eg hadde komt gjennom i papirform (ein kollega av meg måtte ha tre forsøk før ho kom gjennom boka), men i lydform gjekk det strålande.

De usynlige er ikkje ei høglytt bok. Den er stille og forsiktig, og til og med handlinga er til tider det same. Samstundes så kan du omtrent høyre måkeskrika og blesten, og du kan forestille deg ytterst på ein stein mot bølgene og bare kjenne at du er til i vinden. Slik er det ofte på Jæren og så sistnemnte veit eg kva er. Ingrid er ei jente som etterkvart må lære meir enn godt er, og som får større ansvar enn ho hadde tenkt, men ho rir den av. Under lyttinga i dag fram og tilbake til biblioteket fekk eg ein umiddelbar Anne Karin Elstad-følelse, og det er slett ikkje eit dårleg skussmål for Roy Jacobsen. Romanen anbefales!


XOXO

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar