Søk i denne bloggen

torsdag 16. februar 2017

BTTC 2017: "The Wizard of Oz"

Forfatter: L. Frank Baum (1856-1919)
Utgitt: 1900
Min utgåve: 1993
Format: Heftet, 143 sider
Forlag: Wordsworth

Den amerikanske forfatteren Lyman Frank Baum er mest kjent for The Wizard of Oz, som i følge Goodreads-biografien er ein av dei mest populære amerikanske barnebøkene. Baum var både forfatter, skodespelar og filmskaper, og har skrevet masse innen både romaner, noveller og dikt utan Oz-universet. Romanen er lest i forbindelse med Back to the Classics-utfordringa i kategorien Classic Set in a Place You'd Like to Visit (real or fictional).

Historien i The Wizard of Oz er godt kjent frå filmen med same namn frå 1939 med Judy Garland i hovudrolla. Du skal likevel få eit samandrag: Dorothy bur i Kansas med Aunt Em og Uncle Henry, men på grunn av ein syklon hamner Dorothy i det magiske landet Oz. Dorothy og hunden Toto vil svært gjerne heim til Kansas igjen, og får råd frå The Munchkins om å fylgje Yellow Brick Road til Emerald City. Trollmannen kan oppfylle alle ønsker. På vegen møter Dorothy fugleskremselet som ønsker seg hjerne, tinnmannen som ønsker seg eit hjarte, og løven som svært gjerne vil bli modig. Dei fire vennene begir seg ut på eventyr saman, og vegen til Emerald City er ikkje utan utfordringar.

Eg husker første gongen eg såg The Wizard of Oz. Den gjekk på TV i jula for nærmare 10 år sidan, det var varmt og godt i stova, og eg vart umiddelbart fascinert av dei fantastiske fargane og Judy Garlands yndige vesen. Eg har ikkje sett den etterpå, men då eg las boka tidlegare i månaden slo det meg at eg trur det er gjort fleire kunstneriske friheter frå bokas originale handling utan at eg kan sette fingeren på akkurat kva det er. Historien er god, og moralen likeså, men romanen kjeder meg. Ei bok på knappe 140 sider skal normalt sett være ferdiglest på ganske kort tid (i alle fall av meg), men når du kvir deg for å lese vidare er det ikkje rett bok for meg. Eg er ikkje redd for seie at eg er meir engasjert av filmen enn av boka, men enkelte gonger er det heilt greit.

XOXO

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar