Søk i denne bloggen

søndag 5. februar 2017

Bøker: "Madicken"


Forfatter: Astrid Lindgren (1907-2002), Ilon Wikland (f. 1930, ill.)
Utgitt: 1960, 1976
Format: Innbundet, frå 153-202 sider
Forlag: Cappelen Damm

Den svenske forfatteren Astrid Lindgren er verdskjent for sine romaner for barn, og for sine ulike karakterer som Pippi, Madicken, Emil og Rasmus. I 2017 skal eg fokusere på Lindgrens romaner, og eg veit det er mange gode historier i disse bøkene.

I eit stort raudt hus ved elva bur Madicken, veslesyster Lisabet, mor Kajsa og far Jonas, hunden Sasso, katten Kosen og tenestejenta Alva. Jentene er svært glade i kvarandre, og finner på mykje rart og gøy saman. Madicken er eit nysgjerrig barn som prøver det meste og når sommerdagen ender med Moses i elva (som eigentleg er Lisabet i kleskorga) veit eg at det blir ei bra bok. Lisabet stikker seinare ei ert i nesa, Madicken sjekker om ho er synsk og galne skuleting blir forklart med den nye guten på skulen (som er i Madickens fantasi). Det er ikkje alltid det ender godt som då Madicken hopper frå vedskjultaket under hennar og Lisabets skuletur, men fiendskapen til fattigjenta Mia ender i vennskap etter ein sommerdag med lus. I Madicken skildres ulikheter mellom fattig og rik, og som storesyster til to kjenner eg på gleda då Madicken og Lisabet får ei veslesyster, Kajsa.

Etter fadesen med Karlsson på taket var det deilig å bruke ein heil søndag på å lese Madicken. Eg mangler ord for kor mykje eg liker Madicken, og eg håper den aldri går av moten. Astrid Lindgren beskriver eit samfunn under den første verdskrigen med pappa Jonas som redaktør i lokalavisa. Madicken får ein dag ho er sjuk eit eksemplar av dagens avis, men nyhetene er så triste at ho skriver likesågodt si eiga avis. Det blir ikkje stukket under ein stol at familien på Junibacken har meir penger enn naboane, men pappa Jonas er nøye med å vise barna, og spesielt Madicken, at fattigdom fins. Mamma Kajsa er nok hakket finere enn sin mann, og liker blant anna ikkje at barna seier stygge ord. Etterkvart blir ho meir radikal og tar tenestejenta Alva med på ball i regi av borgermesterfrua. Det faller ikkje i god jord hjå sistnemnte, men alle på ballet er samde om at ballets dronning er Alva. Det er alltid elementer av virkelighet i Lindgrens bøker, og Madicken er basert på Lindgrens beste venninne som vart kalt Madicken. (Kjelde: Agnes-Margrethe Bjorvands Astrid Lindgren (2015)) Lindgrens første barn, Lars, vart fødd utanfor ekteskap, og i ein artikkel eg fant frå 2007 skriver skribenten at det er i Madicken overgivelsen lyser sterkast.
Men han mener at det er i bøkene om Marikken det virkelig kommer til syne. Der lekes «Moses i sivet»-leker, den fornemme borgermesterfruen står for småbyens trangsynthet og Marikkens far er redaktør - det samme var faren til sønnen Lars. 
Eg har ikkje undersøkt meir om dette, men han har eit poeng. Det som er spesielt med mi Astrid Lindgren-lesing dette året er alt eg ikkje har lest som barn. Første boka om Madicken står heime i barndommens bokhyller i ein Bokklubben for barn-utgåve, men den andre boka har eg aldri lest. Sjokket var derfor stort då eg i jula las eit knippe av Lindgrens julehistorier og vesle Kajsa kjem til verda. Gledeleg sjokk! Madicken anbefales varmt!

XOXO

2 kommentarer: