Søk i denne bloggen

lørdag 26. november 2016

Bok: "The Shadow Sister" (The Seven Sisters #3)

Det norske omslaget frå
Cappelen Damm.
Forfatter: Lucinda Riley (f. 1971)
Utgitt: 2016, den norske oversettelsen kjem 2. januar 2017
Format: Ebok, 673 sider
Forlag: Macmillan

Den irske forfatteren Lucinda Riley er velkjent over store deler av verda for sine historiske romaner. I tillegg til sin serie med D'Aplièse-søstrene har ho skrevet enkeltståande romaner som Orkideens hemmelighet, Midnattsrosen og den siste av dei enkeltståande, Helenas hemmelighet.

I dei to første romanane om D'Aplièse-søstrene har me fulgt Maia og Ally på sine reiser til Brasil og Noreg. I Skyggesøsteren er det Asterope, eller Star som ho svarer på, som er hovudpersonen. I dei føregåande bøkene har fleire familiemedlemmer uttrykt bekymring for forholdet mellom Star og CeCe, og det faktum at Star seier så lite. I barndommen fant CeCe og Star opp sitt eige språk godt hjulpet av fransk teiknspråk, og det blir framleis mykje brukt sjølv om dei har kome i slutten av 20-åra.

Star får sitt brev frå advokaten, men vel å gøyme det då ho og CeCe kjem tilbake til London. Etter mange år med vagabond-tilværelse har søstrene leid leilighet i storbyen, men CeCe er på ivrig jakt etter ein større og meir permanent. Då det skjer og leiligheten er kjøpt og betalt for, er ikkje Star så glad for den då ho kunne tenkt seg noko heilt anna. Star leser omsider brevet sitt som Pa Salt har formidla på ein måte der Star får eit namn og ein adresse ho må forholde seg til. Pa Salt kjente dottera si godt, og under ein busstur til matlagingskurset sitt køyrer ho forbi adressen og bokhandelen Pa Salt skriver om i brevet. I bokhandelen treffer ho Orlando, og gjennom sine samtaler og turer med han ender ho opp som ein karakter i ei fortid som inneheld Alice Keppel, Beatrix Potter og ein heilt ny familie som er kun hennar.

Lucinda Rileys romaner er veldig handlingsbasert, og eg vel å ikkje avsløre for mykje då eg kjenner mange, både bokbloggere, venner og kolleger, som venter spent på den norske oversettelsen. Då eg las Stormens søster i fjor klarte eg ikkje å skilje fakta og fiksjon då eg kan for mykje om Edvard Grieg til å få det til å stemme som fiksjon. I Skyggesøsteren er det og verkelege personer som har fått ei rolle i boka, men det var på ein heilt anna måte. Det var så mykje eg likte med denne boka, og den antikvariske bokhandelen til Orlando var verkeleg prikken over i'en.
I couldn't see a single thing beyond the display - the day was bright outside, but the interior was as dark as any Dickensian bookshop I'd read about. (...) It reminded me of an old library, with its dark wooden floor and a marble-topped fireplace halfway along one wall, forming the centrepiece around which two leather winged chairs were arranged. Between them stood a low coffee table piled high with books. (s. 62) 
Tre dager vart brukt på boka, og sjansen for at eg les den norske oversettelsen i januar er stor. Dei litterære referansane er meget interessante, og eg blir nødt til å lese den om igjen bare for å notere ned titler og forfattere. Her har Lucinda Riley gjort sin research verdig! Varmt anbefalt!

XOXO

2 kommentarer:

  1. Å nei, greide du ikke vente på oversettelsen? He, he... jeg scrollet febrilsk ned og fikk med meg siste setningen, og biter meg fast til januar :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er lenge sidan eg venta til den norske oversettelsen med Lucinda Rileys bøker, Tine! Kvifor skal eg det når eg les like godt på engelsk som på norsk ;-)

      Slett