Søk i denne bloggen

torsdag 26. mai 2016

Bokhyllelesing #4: "Utvalgte dikt"

Forfatter: Kolbein Falkeid (f. 1933)
Utgittt: 1998
Min utgåve: 2012, særtrykk for Hele Rogaland leser
Format: Heftet, 161 sider
Forlag: Cappelen Damm

Den norske dikteren Kolbein Falkeid har i nærmare 40 år vore eit sentralt namn i norsk samtidslyrikk. Han er stadig i produksjon av nytt materiale og hans seinaste samling kom ut i 2014. Den haugesundbaserte poeten er og kjent for sitt samarbeid med vise-rockgruppa Vamp som har satt musikk til fleire av Falkeids tekstar. Utvalgte dikt vart samla av Paal-Helge Haugen, min utgåve vart gitt ut i forbindelse med Hele Rogaland leser 2012, og eg har lest den i Heddas bokhyllelesing.

I Utvalgte dikt har Paal-Helge Haugen samla dikt frå Falkeids lange forfattarskap. Dei eldste er frå 1962 og det seinaste frå 2003. Dikta er alt frå fire linjer til fleire sider, og handler om mennesker, hendingar, naturen, dyr og livet generelt. Fleire er såre, få er morsomme, men samlinga favner breitt, og når den blir gitt ut som ei gåve må det vere slik.

I Heddas bokhyllelesing fjerde runde er oppdraget å lese ei diktsamling frå 2000-talet. Dikt er omtrent ikkje-eksisterande i mine bokhyller, og eg er redd for at det vil forbli slik. Sjangeren lyrikk er ikkje noko eg har satt meg inn i, og har lite å seie om det eg har lest anna enn at det var interessant og eg likte det. Som felles rogalending kjenner eg på ein viss stolthet over hans forfattarskap. Anbefales!

XOXO

PS. Marianne las samlinga i 2012.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar