Søk i denne bloggen

søndag 30. august 2015

Bok: "Mi briljante venninne" (Napoli #1)

Forfatter: Elena Ferrante
Originaltittel: L'amica geniale
Utgitt: 2011
Min utgåve: 2015
Format: Innbundet, 404 sider
Forlag: Samlaget, frå italiensk ved Kristin Sørsdal

Ingen andre enn det italienske forlaget kjenner til Elena Ferrantes eigentlege identitet, men det hindrer ikkje lesere i å kaste seg over den første boka i Napoli-kvartetten. Bøkene er i sal i Noreg på engelsk, og den fjerde på engelsk er rett rundt hjørnet, men med min forkjærlighet for nynorsk (og absolutt ingen ekstra-tid akkurat nå) så rekner eg med å vente til oktober for bok 2.

Mi briljante venninne går føre seg i Napoli på slutten av 1950-talet. Historia blir fortalt av Elena som i fyrste kapittel får vite at venninna gjennom mange år er sporlaust vekke. Sonen kan fortelje at ingenting er igjen etter mora. Elena går i tankane tilbake i tid, og bestemmer seg for å skrive ned historia om seg sjølv og Lila, og vender tilbake til eit Napoli i endring.

I første bok går venninnene frå 11 til 16 år, og på fem år skjer det ein heil del. Dei bur i ein bygård med familiane sine, og har mange venner og i starten er dei ikkje venninner. Det tar ei tid før dei blir fortrulege, og i perioder kan dei nesten ikkje vera frå kvarandre. Lila og Elena er veldig ulike, og ynskjer i utgangspunktet forskjellige oppgåver i livet. Likevel kan eg ikkje leggje frå meg at dei begge ynskjer det den andre får: Lila blir gift som sekstenåring, og Elena får gå på gymnaset. Sidan det er Elena som fortel får me høyre mykje om misunninga hennar overfor Lila, men kva med misunninga Lila har overfor Elenas skulegong? Korleis hadde romanen blitt om dei begge hadde gått på gymnaset? Dette er spørsmål som har hengt over meg gjennom store deler av boka, og som muligens blir besvart i dei neste bøkene.

Mi briljante venninne er ein meget god roman, og den gir eit innblikk i eit Italia i endring i dei neste årtiene. På same tid som den er meget god, finner eg den tidvis irriterande på grunn av måten Elena higer etter å vere som Lila, og korleis ho bekymrer seg for ting som Lila gjer eller ikkje gjer. I dei øyeblikka blir det eit ungdomsromanpreg over den, men eg satser på at den irritasjonen går litt vekk i bok 2. Som ihuga nynorskbruker fryder eg meg over at det er Samlaget som gir ut alle bøkene i kvartetten, og eg håper det vil gi eit løft for nynorsk. Anbefales!

XOXO

2 kommentarer:

  1. Denne har eg framleis til gode å lese. Det er så mykje bra å lese for tida, at ho blir stadig skubba bak i kø. Men no har eg tinga bok nr. to, så no må eg snart ta meg saman. God omtale.

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk, Lena! Boka har stått i bokhylla ei god stund, men eg måtte ha noko anna enn Booker-bøker for ikkje å miste leselysta heilt :-)

      Slett