Søk i denne bloggen

torsdag 9. oktober 2014

Nobelprisen i litteratur til ukjent franskmann

I dag vart det kjent at Svenska Akademien har utpeikt franskmannen Patrick Modiano som vinner av årets Nobelpris i litteratur.


Patrick Modiano er ikkje så kjent i mine kretser, og bøkene hans er vanskelege å få tak i. Modiano har gitt ut rundt 30 romaner sidan gjennombrotet i 1968 og Cappelen Damm ga ut tre stykker på norsk i Pan-serien på 70- og 80-talet. I forbindelse med Nobelprisen lover forlaget å gjenutgi tidlegare romaner og nye utgivelser på norsk. Det er ennå ikkje bestemt hvilke titler som kjem, men det er som regel ikkje ein roman som utgjer bestemmelsen om kven som skal motta den gjeve prisen.

Det blir spennande å lesa ein heilt ny og ukjent forfatter, og eg kan avsløre at eg har allereie lasta ned ein prøve av ein roman frå Amazon. Det  var ikkje vidare enkelt for dei fleste av romanane på Amazon var på fransk, og det språket har eg ikkje lært meg.

Det er ikkje første gong Cappelen Damm står med rettighetane til ein Nobelmottaker. Tidlegare vinnarar er Kenzaburo Oe (1994), José Saramago (1998), J.M. Coetzee (2003) og J.M.G. Le Clezio (2008).

Gratulera til Patrick Modiano!

Andre som har skrevet om tildelinga:

* Aftenposten (besøkt 09.10.14)
* Aftenposten Meninger skrevet av Erik Bjørnskau (besøkt 09.10.14)
* Kristine Kleppo hjå Cappelen Damm
* NRK (med video)
* Rose-Marie

XOXO

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar