Søk i denne bloggen

fredag 25. juli 2014

Bok: "The Temporary Gentleman"

Forfatter: Sebastian Barry (f. 1955)
Utgitt: 2014
Format: Lydbok lest av Frank Grimes, 7t21min
Forlag: Whole Story Audiobooks
Mål/utfordringar: Nye forfattere

Sebastian Barry er ein ny forfatter for meg, men The Temporary Gentleman blir ikkje den einaste boka frå denne mannen. I disse Booker-tider hadde Barry ein moglegheit til å bli nominert, men den gang ei. Han har vore nominert tidlegare: i 2005 var han på longlist med A Long Long Way, i 2008 var han på longlist med The Secret Scripture, og i 2011 var han på shortlist med On Canaan's Side.

The Temporary Gentleman er historien om Jack McNulty som i 1957 bestemmer seg for å skrive om livet sitt frå Accra. Jack er ein irsk eksmajor som ut av skuldkjensle ikkje ynskjer å reise heim til Irland. Hoveddelen av Jacks memoarer er om skuldkjensla han kjenner for si avdøydde kone, Mai. Det er mange som meiner at Jack øydela livet til Mai. Årsakene var at Jack krevde for mykje av henne både med ynskjet om barn, familie, drikkeproblemer, gambling, hans arbeide som soldat og ingeniør, og hans gjentatte reising.

Det er ein interessant roman om kor kor mykje det går an å mislike mennesket ein har vald å dele livet med, og kor mykje andres meiningar kan ha for eit forhold. Dette er tredje roman om McNulty-familien, men eg kjente ikkje at eg mangla noko i forhold til dei to tidlegare romanane: The Whereabouts of Eneas McNulty (1998) og The Secret Scripture (2008). Opplesaren, Frank Grimes, gjer ein god jobb og det gjer noko med romanen når det er ein mann med dialekt som leser. Anbefales!

Anmeldelse frå The Guardian (ekstern lenke).

XOXO

2 kommentarer:

  1. Denne kunne jeg godt ha tenkt meg å lese, virker som en meget interessant historie.Jeg har lest "On Canaan's Side" og likte den veldig godt. Jeg var ikke klar over at de andre romanene handlet om den samme slekten da må jeg få notert meg disse, men det kan virke som det ikke er helt nødvendig å lese de kronologisk. Takk for tips :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Bare jillt! Eg var ikkje klar over at det var fleire bøker om McNulty-familien før halvvegs uti boka og syns ikkje det gjorde noko at dei ikkje vart lest først:-)

      Slett