Søk i denne bloggen

onsdag 19. mars 2014

Bok: "Nattmannen" (William Wisting #5)

Forfatter: Jørn Lier Horst (f. 1970)
Utgitt: 2009
Min utgåve: 2010
Format: Heftet, 304 sider
Forlag: Gyldendal
Mål/utfordringar: Krim, Off the shelf

Etter to år er Jørn Lier Horst tilbake med William Wisting. For dei som ennå ikkje har lest dei føregåande bøkene kjem det ein spoiler: I forrige bok, Den eneste ene, vart Wistings kone, Ingrid, drepen i Afrika. Wisting har på disse to åra lært seg å leve aleine, men innrømmer at det er ikkje optimalt.

I femte bok om Wisting står han over det mest groteske drapet i karrieren. Ei ung jente har fått hodet sitt på ein stake midt i Larvik sentrum. Hadde det ikkje vore eit par bygningar som står i vegen, kunne Wisting og teamet hans sett rett ned på åstaden. Mediene er straks på pletten, med Line Wisting på veg frå Oslo til Larvik. Ho er i grunnen på veg heim for å finne ut meir om Koffertsaken, men då sjefen får høyre om hodet på staken er Line førstemann frå VG. Presset blir ikkje mindre på politiet då eit nytt lik blir dratt opp av elvedjupet.

Etterkvart nøster Wisting opp saken med ein narkotikaforbindelse og asylsøkerbarn. Suzanne Bjerke som arbeider på eit asylmottak kan fortelje nytt om jenta då identiteten blir kjent, og det resulterer i at koffertsaken blir tatt opp igjen. Det det heile kulminerer i er ei spennande krimbok om smugling av narkotika frå Afghanistan via Sverige. Uskuldige asylsøkerbarn blir kidnappa og ført til Sverige for så å ta toget heim med ein koffert full av narkotika. Wisting får seg og ein tur til Afghanistan for å henta heim ein gut som har vore med på dette, og vennskapet med Suzanne kan bli starten på noko nytt.

Nattmannen er ikkje så ulideleg spennande som førre boka, denne har meir alvor over seg, og belyser eit tema eg ikkje har kjennskap til. I denne boka får og William Wistings eiga dotter, Line, meir spelerom, og ho setter like godt i gang ei etterforskning på eiga hand. Om Jørn Lier Horst ser seg nødt til å pensjonere Wisting har han ein god arvtaker i Line Wisting, og journalistkrim. Anbefales!

XOXO

2 kommentarer:

  1. Bra tips. Leser gjerne en bok av Lier Horst igjen. Er egentlig ikke så avhengig av å lese bøker i kronologisk rekkefølge, men denne høres ut til å passe etter det jeg har lest før. Ha en fin dag!

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg må lese krimserier i rekkefølge elles går det galt for det kronologiske hodet mitt;-)

      Fin søndag!

      Slett