Søk i denne bloggen

lørdag 22. februar 2014

Booker-shortlist: "The Lowland"

Forfatter: Jhumpa Lahiri (f. 1967)
Utgitt: 2013
Format: Lydbok, lest av Sunil Malhotra, 13t4min
Forlag: Bloomsbury/Books on Tape
Anna: Romanen blir gitt ut på norsk i slutten av mars under tittelen Våtmarken.

Den indiskamerikanske forfatteren Jhumpa Lahiri har fire bøker på samvittigheten inkludert The Lowland. For debutromanen The Interpreter of Maladies mottok Lahiri Pulitzerpris og i fjor var det første gong Lahiris namn stod på Booker-lista.

To brødre som er fødd bare 15 måneder frå kvarandre veks opp i Calcutta, India. Dei er kvarandres beste venner, og folk tar ofte feil av kven som er Subhash og kven som er Udayan. I 60-åra blir Udayan involvert i kommunismen, medan Subhash reiser til USA og studerer. Då Subhash får høyre om brorens død i våtmarksområdene i Calcutta reiser han tilbake til India for familiens skuld. I Calcutta møter han Udayans enke. Han tar henne med til USA, og starter eit liv med ho. Romanen går framover i eit stille tempo, og etterkvart får me høyre om korleis begge brødrenes valg i livet fekk konsekvenser for det livet dei hadde tenkt å leve.

The Lowland er ei interessant bok om eit land som fascinerer meg, og med eit brødrepar som Udayan og Subhash skulle det blitt ein innertier. Likevel går det for sakte, og hendingane krever for mykje historielesing av temaer eg ikkje veit noko om. Viss det ikkje hadde vore for audible er det tvilsomt om eg hadde lest den ferdig. Sunil Malhotra var det ingen feil med, han leste med innlevelse, og det var ein innertier at ei indiskamerikansk bok vart lest med aksent.

XOXO

2 kommentarer:

  1. Flott omtale og jeg gleder meg til å lese hele boken. Interessant det du nevner om tempoet i boken og at Lahiri ikke klarer å forklare bakteppet til historien godt nok. Fint å ha i bakhodet for alle som leser denne utover våren eller i forbindelse med Bookerpris samlesingen vår.

    SvarSlett
    Svar
    1. Takker! Eg har i grunnen lyst til å lese den om igjen når den kjem på norsk, og sjå om det har noko med opplevinga å gjere. Får sjå kva eg gjer om ein månads tid:-)

      Slett