Søk i denne bloggen

torsdag 3. oktober 2013

Bok: "The Cuckoo's Calling" (Cormoran Strike #1)

Forfatter: Robert Galbraith (pseudonym), J.K. Rowling
Utgitt: 2013
Format: Lydbok, lest av Robert Glenister, 15t53min
Forlag: Sphere

Eg noterte meg i sommar at ein ny kriminalroman dukka opp på Goodreads, men det var ikkje før det kom fram i media at det var den kjente forfatteren J.K. Rowling som stod bak pseudonymet Robert Galbraith. Rowling er mest kjent for Harry Potter-serien, men har og skrevet The Casual Vacancy. The Cuckoo's Calling er hennar første kriminalroman. I Noreg er det Cappelen Damm som har fått rettigheter, og den norske oversettelsen skal ifølge Knut Gørvell vera klar i januar/februar.

Privatdetektiven Cormoran Strike er ein tidlegare krigsveteran som mista eit bein i Afghanistan. Han har idag protese, men det er ikkje alltid at han og protesen er einige. Strike har akkurat flytta ut frå huset han og forloveden delte, og bur nå på kontoret. Så skjer ting på rekke og rad. Vikarbyrået sender ham den 25-årige sekretæren Robin Ellacott, og John Bristow kjem til kontoret for å gi han eit oppdrag. For tre månader sidan døydde hans halvsøster, Lula Landry, etter eit fall frå tredje etasje. Bristow nekter å godta politiets teori om at Lula begjekk sjølvmord, og vil at Strike skal etterforske dødsfallet. Strike, som har gjeldsproblemer, tar saken på grunnlag av at Bristow har penger. Strike går i gang med etterforskninga, først for å overbevise Bristow om at Lula begjekk sjølvmord, men etterkvart innser Cormoran og Robin at det faktisk skjedde ein forbrytelse den natta Lula døydde.

Kriminaldebuten til Rowling er god, og minner om Agatha Christie. Den er roleg og avbalansert, men er krydra med velfungerande actionscener. Forholdet mellom Strike og Robin er morsomt å høyre om, då Robin i utgangspunktet ikkje kan fordra mannen. Eg har høyrt den på lydbok frå Audible, og det er ein roman som passer fint til opplesing. Robert Glenister har eg ingen anelse om kven er, men stemmen hans fungerer godt til denne romanen. Eg er glad for at romanen er lest, og Rowling har allereie planer om ein oppfølger til neste år. Anbefales!

Silje håper romanen blir plukka opp av BBC.
Mari gir godkjent til J.K. Rowlings krimdebut.

XOXO

2 kommentarer:

  1. Jeg har tatt denne med meg hjem fra biblioteket, men ikke fått begynt på den enda. Jeg holder på med Skyggejegerne og de er ikke mulig å legge i fra seg :-) Men sånn etter hvert skal jeg lese den :-) Ønsker deg en fin helg!

    SvarSlett