Søk i denne bloggen

onsdag 17. juli 2013

Rivertonvinner: "Kalde hender" (Svend Foyn #2)

Forfatter: Jan Mehlum
Utgitt: 1998
Format: Innbundet, 220 sider
Forlag: Gyldendal
Mål/utfordringar: Riverton/Glassnøkkelen

Eg var ikkje spesielt fornøgd med Jan Mehlums debutbok, Gylne tider, men på to år har Mehlum kome seg veldig. Det er ingen tvil om at Kalde hender fortjener sin plass på Riverton-lista.

Tønsberg-advokaten Svend Foyn er igjen ute og snuser. Ein sein ettermiddag får Foyn besøk på kontoret av ein sekstenåring med millimeterkort hår, metallkjede rundt halsen og ein dolk i beltet. Han ytrer ikkje eit ord, og sekunder seinare er han ute av døra. Då guten nokon timar seinare blir funnen overkøyrt av toget, kan ikkje Foyn slå seg til ro med at det heile var eit uhell. Han begynner å undersøke forholda rundt guten, og finner både tråder til fortida, og dagens organiserte kriminalitet. Det skjer veldig mykje på kort tid så for å ikkje avsløra noko så blir det med dette.

Kalde hender var uhyggelig, ekkel og akkurat så ubehagelig som ein god krimroman skal vera. Den fekk meg ikkje i seng, og måtte lesas ferdig der og då. Eg lurer fælt på kor Jan Mehlum tar det frå, men på den andre sida vil eg eigentleg ikkje vite det. Du forstår den tanken om du les boka. Nå er eg spent på neste bok om Svend Foyn, Det annet kinn. Anbefales på det sterkaste, men ikkje for sarte sjeler!

XOXO

4 kommentarer:

  1. Svar
    1. Den er uhyggelig bra, og held deg oppe om natta;-)

      Slett
  2. Eg har berre lese den nyaste boka (En god sak), og den var super. No les eg Bake kake søte av Mehlum, den er bra så langt. Har tenkt å lesa fleire av denne forfattaren; har stor sans for advokat Foyn.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg er eit fryktelig kronologisk menneske og liker best å starte med begynnelsen;-) Svend Foyn er eit interessant nytt bekjentskap som eg skal bli meir kjent med utover seinsommaren og hausten:-)

      Slett