Søk i denne bloggen

mandag 24. desember 2012

Mine lesevaner - og god jul!

Sidan dei fleste i blogglandia er meir opptatt av mandarineting, julemiddaglaging og kjolestryking legger eg vekk planer om klassikerutfordring-innlegg, og publiserer heller mine lesevaner. Siljes spørsmål om lesevaner kan fint fungere som underholdning dei neste dagene, medan eg førebur innlegg om klassikerutfordringa og årets-beste-bøker-innlegg.

1. Har du eit fast lesested?
Eg kan lese over alt. I sofaen, på senga, i ein stol, på busshaldeplassen, på togstasjonen (dog aldri medan tog, buss eller bil køyrer med mindre eg har tatt tabletter). Så svaret er nei, ikkje fast lesested.

2. Bokmerke eller tilfeldig papirlapp?
Eg har blitt veldig flink dei siste åra med å bruke bokmerke, men eseløyrer blir ofte brukt til å markere sider med sitater eg vil huske.

3. Må du lese ferdig kapittelet før du legger frå deg boka?
Å lese ferdig kapittelet byrja eg med då eg las Buddenbrooks. Etter det sjekker eg alltid kor langt kapittelet er før eg begynner på eit nytt, viss klokka byrjer å bli mange når eg les på senga. Viss eg bare skal ha ein liten pause, kan eg fint legge frå meg boka både midt i kapittelet og midt på ei side.

4. Spiser eller drikker du noe mens du leser?
Det kjem an på. Eg har lagt merke til at eg et og drikk meir viss boka ikkje fengjer. Når boka er spennande/interessant/osv har eg simpelthen ikkje tid. Men eg kan fint lesa ved frokostbordet om eg er åleine.

5. Går det greit å høre på musikk eller se på TV mens du leser?
Ikkje problem i det heile. Eg kan til og med høyre på lydbok medan eg les ei anna bok!

6. Leser du fleire bøker samtidig, eller holder det med en om gangen?
Det går litt i rykk og napp. Eg kan byrje på fleire om gongen, men stort sett er det bare ei som får fokuset om gongen. Som regel har ei tjukk bok og ei tynnare på gang.

7. Leser du helst hjemme hos deg selv eller over alt?
Eg les over alt, og har som regel ei bok i veska/sekken. Les heilt klart mest innenfor mine fire vegger.

8. Høytlesning eller stillelesing?
På jobb går det ein del i høytlesning, men for meg sjølv blir det mest stillelesing. Les eg på engelsk kan eg lese avsnitt høgt for meg sjølv for å få med meg handlinga skikkelig.

9. Hopper du over sider eller snikleser forover i boka?
Ingen kommentar! Eg gjer begge deler, men det er mest fordi eg liker ikkje overraskelser.

10. Knekker du bokryggen eller prøver du å bevare den helt som ny?
Eg ønsker at bøkene mine skal sjå så jomfruelige ut som mogleg, men feil forekommer.

11. Skriver du i bøkene dine?
Små markeringer som viser sitater eg vil huske, elles lite og ingenting.

I dag blir det ingen liflige dufter frå mors kjøkken, men formiddagsgrautlukta og mandarinlukta gjer sitt for å skape julestemning. Julaften skal tilbringas på Nærbø hjå fars bror, og eg gler meg stort.

Eg ynskjer dykk alle ein riktig god og fredfull julefeiring! Ta godt vare på kvarandre, og ikkje stress. Det er hyggeligere for vertskapet om oppvasken blir tatt før julegavene enn etter;-)

God jul!

XOXO

3 kommentarer:

  1. Nå lukter det så godt av pinnekjøtt i huset at det er tortur å puste uten å få smake. Jeg har mat på hjernen! Derfor: Så gøy at du spiser mer hvis boken ikke fenger! Det må jeg sjekke om jeg gjør uten å være klar over det, som en slags trøstespising fordi boken er kjedelig. Jeg tror jeg også gjør det, nemlig.

    Klassikerutfordring? Ikke vent for lenge med innlegg, da. Noen av oss sitter klistret til dataen i julen også, må vite. Dessuten er jeg spent på dine favoritter fra året som snart er over.

    Ha en kjempefin julekveld, Elida! Jeg regner med at nissen har tatt med mange harde pakker til deg i år siden du har vært snill. Det synes i alle fall lesesirkelsjefen;-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Her er det ingen liflige julematdufter sidan me skal vekk om eit par timer (fjøsstellet må bare unnagjeras). Må kanskje byrje bokomtaler med eit referat over kor mykje eg har åte i løpet av boka:-)

      Klassiker-innlegg kjem ein av juledagane, Line. Ta det rolig!

      Med hensyn til harde pakker så veit eg om ein, også håper eg at det ligger ein til som eg har ønska meg:-) Tusen takk, kjære lesesirkelsjef!

      Slett
  2. Håper du koser deg masse også :) God Jul..

    Mulig jeg joiner og lager et lignende innlegg en dag :D Morro og lese om andres vaner :)

    SvarSlett