Søk i denne bloggen

tirsdag 21. februar 2012

Bok: "Den tredje piken" (HP #35)

Forfatter: Agatha Christie (1890-1976)
Originaltittel: The Third Girl
Utgitt: 1966
Min utgåve: 2011
Oversetter: Gunnar Thommessen
Format: Heftet
Forlag: Aschehoug
Frå: Mi bokhylle (9. bok i 'Off the Shelf')

Baksidetekst: Norma Restarick oppsøker Hercule Poirot for å fortelle om mord hun skulle ha begått - men ombestemmer seg. Hun synes han er for gammel. En slik utfordring kan ikke Poirot la gå upåaktet hen, selv om han må ut i "The Swinging London" for å oppklare et høyst usedvanlig kriminalmysterium.

Det begynner å bli slutt på uleste Agatha Christie-bøker i bokhylla, og panikken stiger. Heldigvis er det fleire som ikkje har blitt gitt ut i "mitt format og omslagsbilde" og eg har ennå ikkje lest Marple-bøkene. Eg kan tenka meg at seinare kan Agatha Christie bli comfy-bøker, som eg skreiv litt om tidlegare.

Den tredje piken bød derimot på utfordringer. Eg følte aldri eg kom heilt inn i historien etter braksuksessen med Johan Theorins Blodleie. Den berømte forfatteren Ariadne Oliver er Poirots kompanjong i denne boka, og eg kjenner at ho irriterer meg. På ein heilt anna måte enn Poirot stikker ho seg fram, og boka bød på mange tilfeldigheter. Miss Oliver stikker tilfeldig innom ein kafé der personen som leites etter sitter, og ein papirlapp som skal vise seg å innehalde viktig informasjon flyr tilfeldigvis ut av ein kommode. På langt nær den beste Poirot-boka eg har lest.

Den tredje piken er sjølvsagt filmatisert av britiske ITV, og eg er ganske sikker på at eg har sett den. Ifølge Wikipedia er det blitt tatt fleire friheter i filminga, blant anna at istedet for at historien foregår i 60-åra (som i boka) har filmen gjort det til 30-åra. Karakterer er flytta på, endra og i nokon tilfelle fjerna, og slike friheter irriterer meg. Skal ein først lage film av ei bok, så får ein følgje boka.

XOXO

4 kommentarer:

  1. Fikk lyst å lese Agatha Christie og hennes Marple - bøker for de har jeg heller ikke lest. Synd ikke boken falt helt i smak, men det var en fin anmeldelse av den:)

    Ha en riktig fin dag videre!:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg har lest 10-12 stk av Christie det siste året, og denne må vera den første eg har mislikt. No worries, oddsen er framleis høg for at bøkene er gode.

      Til nå har eg kun lest Poirot, men Marple-bøkene står klar i bokhylla.

      Slett
  2. Har ennå til gode å lese noen av Agatha Christies bøker. Prøvde en gang,men begynte litt i feil rekke følge.

    SvarSlett
    Svar
    1. Fins det ein rekkefølge? Okei, eg veit at det er rekkefølge sånn ca, bøkene mine står i rekkefølgen oppgitt på Goodreads, men det har kun hendt ein sjelden gong at eg har lest to bøker som kjem etter kvarandre. Ikkje bekymra deg for rekkefølgen, Nina :-)

      Slett