Søk i denne bloggen

fredag 22. oktober 2010

Bok: "Tatt av vinden" - bind 2

Eg vart ferdige t slutt, men det holdt hardt. Sist eg var så eitrande sint på ei bok var då eg høyrte Stormfulle høyder. I Tatt av vinden får dei ihvertfall kvarandre til slutt, og klarer jo og å øydelegge det. Nå skal eg låna filmen (ihvertfall til uka) også kanskje starte på fortsettelsen:-P

Handling i "Tatt av vinden" - bind 1: Når me kjem tilbake til Scarlett O'Hara er dei framleis på Tara. Ashley Wilkes har kome tilbake frå krigen. Etterkvart reiser Scarlett, Melanie og Ashley til Atlanta, medan Suellen og Will passer Tara. Scarlett er i desperasjon for penger til skatten og gifter seg med Frank Kennedy. Ho blir gravid og får lille Ella. Scarlett er ei driftig dame som held orden på butikken til Frank samt sagbruk og part i ein saloon. Rhett Butler dukker opp i Atlanta med det som ryktes å vera meir penger enn nokonsinne. Etter eit oppgjer i klanen (skjønte aldri heilt kva det var, men trur det har noko med etterkrigstid) døyr Frank Kennedy og Scarlett sit igjen med butikk og sagbruk. På begravelsesdagen frir Rhett til Scarlett og eitt år seinare er dei gift. Dei har ein herlig bryllaupsreise i New Orleans og ser ut til å vera vel forlikte. Då Scarlett blir gravid ønskjer ho ikkje barnet, og då det kjem blir lille Bonnie Blue Rhetts øyensten.
Eg har egentlig ikkje så lyst å sei meir enn dette, fordi det skjer så utrulegt mykje på kort tid, og eigentleg så er det ganske interessant å lesa:) Eg var meste litt skuffa på sistesida, men mor har fortsettelsen:)

XOXO

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar