Søk i denne bloggen

onsdag 10. mars 2010

Bok: "Reisen hjem"

Boklesing er kjent for å vera søvnframkallande. Eg har erfart at stirring i taket hjelpe ikkje, men for meg hjelpe ikkje bøkene heller på søvnen:p Dei siste 100-150 siene i Rosamunde Pilchers "Veien hjem" leste eg på eit par timer, og det vart litt seint før eg fant sengå i dag morges. Når eg først begynte på boka så tenkte eg at dette kom til å ta lang tid. Det var ei utslitt og godt brukt pocketbok men sider tynne som bibelark og galas lita skrift. Men dengang ei! Historien er fortalt på ein lettfattelig måte, og starter på midten av 30-talet. Me møter Judith Dunbar som skal begynne på kostskole fordi mora og lillesystera Jess skal reise til Judiths far i Colombo. Årene på kostskolen blir gode år, og ikkje minst fordi Judith raskt blir venninne med Loveday Carey-Lewis, og er ofte heime hjå ho i herskapshuset. Det blir Judiths heim og tilfluktssted. Etterkvart bryter krigen ut, og det ene med det andre skjer (vil ikkje fortelja for mykje) og som tittelen seier: Judith finne veien heim!

Rosamunde Pilcher har i mange år vore eit namn i mors bokhylle. Men så var eg innom Platekompaniet og der hadde de 4 av Rosamunde Pilchers filmatiseringer på forhåndssalg. Eg vart øyeblikkelig interessert fordi eg liker veldig godt filmatiseringer av bøker fordi det gjer meg ein mulighet til å forstå litt meir av historien og få eit bilete av den:) Søstra mi seier alltid at bilder er best i hovudet, men for meg er dei best på film:) Så nå må eg lese 3 til av Rosamunde Pilchers bøker før filmane kjem ut. Trur det var i slutten av denne månaden, så me får sjå kor langt eg kjem:) Nå er det krim for alle pengane. Skal ta toget til Oslo i slutten av vegå så då må eg ha noge lesestoff:) Ha ein fin dag!

XOXO

4 kommentarer:

  1. Åå elsker en god bok:) Ser lista di på siden her ja. Har hørt at den bienes hemmelige liv er ganske bra.

    Greit å ha med litt lesestoff på toget ja:)

    Ha en fin dag:)

    SvarSlett
  2. "Bienes hemmelige liv" er nydelig. Absolutt lesbar!

    SvarSlett
  3. Den hørtes fin ut, måtte sjekke den ut og så den var på nesten 1000 sider. Stemmer det?

    SvarSlett
  4. Eg leste den i norsk versjon, så husker ikkje heilt sidetalet, men i den engelske versjonen eg har i bokhylla er det 977 sider, så kan fint stemme det:-)

    SvarSlett