Søk i denne bloggen

torsdag 12. april 2018

Man Booker International Prize 2018 - Shortlist


Kvart over åtte norsk tid begynte direkteoverføringa frå Somerset House i London på Facebook! Eg hadde kun lest ei bok frå longlist, men begynner friskt på shortlist i helga.

Kortlista ser slik ut:

Forfatter (Land) Oversetter Tittel (Forlag)
  • Virginie Despentes (France), Frank Wynne, Vernon Subutex 1 (MacLehose Press)
  • Han Kang (South Korea), Deborah Smith, The White Book (Portobello Books)
  • László Krasznahorkai (Hungary), John Batki, Ottilie Mulzet & George Szirtes, The World Goes On (Tuskar Rock Press)
  • Antonio Muñoz Molina (Spain), Camilo A. Ramirez, Like a Fading Shadow (Tuskar Rock Press)
  • Ahmed Saadawi (Iraq), Jonathan Wright, Frankenstein in Baghdad (Oneworld)
  • Olga Tokarczuk (Poland), Jennifer Croft, Flights (Fitzcarraldo Editions)
Vinnaren blir kåra 22. mai, så det er bare å sette i gang med kortlista. Eg har ikkje lest nokon av disse bøkene, men godt mogleg eg starter om igjen med den eine boka eg har begynt på. God lesing!

XOXO

søndag 8. april 2018

Bok: "Levels of Life"

Forfatter: Julian Barnes (f. 1946)
Utgitt: 2013
Min utgåve: 2014
Format: Heftet, 118 sider
Forlag: Vintage Books

Den britiske forfatteren Julian Barnes er velkjent for sine Booker-nominasjoner, og hans vinnerroman frå 2011, The Sense of an Ending. Han har skrevet eit tyvetalls bøker, både fiksjon og sakprosa. Barnes nyeste roman heiter The Only Story og kan bli nominert til dette årets Man Booker Prize i juli.

Levels of Life gir oss historien om den kjente fotografen og ballongføreren Felix Nadar, historien om oberst Fred Burnaby og hans fiktive forelskelse i Sarah Bernhardt og til slutt Barnes egen subjektive historie om sorgen etter hans kone, Pat Kavanagh. Det er ei bok om ballongflyging, fotografering, kjærlighet, om å sette to ting saman og om å sette to mennesker saman for så å rive dei frå kvarandre. Julian Barnes mista si kone i kreft hausten 2008, og det er hjarteskjærande å lese hans eigne ord om korleis sorgen river og sliter i han. Eg har litt delte meiningar om Julian Barnes' bøker, men denne boka er vel verdt nokre timar.

Det er så langt passert 8 dager i denne månaden, og eg har lest eller høyrt 14 (!) Anne-Cath. Vestly-bøker. Eg skal skrive meir om dette uventa gjenlesingsprosjektet seinare så følg med. For eit par dager sidan etter nok ei Vestly-bok hadde eg eit akutt behov for noko med litt meir substans, litt meir voksent om du kan sei det slik. Bokhylla mi flommer over av lått og løye, og innerst inne fant eg Julian Barnes' Levels of Life. Den trur eg fekk vera med heim frå bokbloggertreff i Oslo for eit par år sidan, og har blitt ståande ulest. Nå er den lest, og eg må nok finne fleire Barnes-bøker. Eg må bare lese ferdig eit par andre bøker først ;-)

XOXO

mandag 2. april 2018

Den internasjonale barnebokdagen 2018

Sidan 1967 har den internasjonale barnebokdagen (ekstern lenke) blitt feira. Den blir som regel lagt på eller rundt Hans Christian Andersens fødselsdag 2. april, og blir markert som ein hyllest til det å lese og vere glad i barnebøker.

Eg er veldig glad i barnebøker, og gjenhøyrer Anne-Cath. Vestly om dagen. Storytel har ikkje så veldig mange, men dei siste vekene har eg høyrt første boka om Aurora, fem bøker om Mormor og dei åtte ungene, tre bøker om Ole Aleksander og nå er eg på tredje boka om Lillebror og Knerten. Lillesøstra mi fekk Lillebror og Knerten på kassetter på 90-talet, men det var ikkje alltid storesøstra syns det var like festlig når Vestlys stemme leste seint og tidleg i eit hus med litt tynne vegger ;-)

Barnebøker er finfint, og seinast i dag las eg om Lisa Aisatos nyeste bok, Snokeboka, i Stavanger Aftenblad.
"Norge er i front med eksperimentelle og annerledes barnebøker fordi vi får lov til å gjøre mye her. Kulturstøtte gjør at forlagene har råd til å trykke opp disse rare, snodige barnebøkene, sier Aisato." (SA 02.04.18) 
Den forrige boka som Lisa Aisato illustrerte var Tor Åge Bringsværds Jenta som ville redde bøkene, og i følge samme artikkel er den solgt til 21 land. Det er bra for ei lita barnebok!

I dag skulle eg helst ha vore på jobb og bada ungane mine i barnebøker, men eg får ta igjen utover i veka. Håper du får ein fin barnebokdag, og legg gjerne igjen ein kommentar om du har tips til gode barnebøker eller du leser ei fin barnebok i dag!

XOXO

lørdag 31. mars 2018

Leserefleksjoner #31 | Mars i bøker

Mars var: Til tider så lurer eg på kor opptatt av veret det går an å bli, men nå er eg så lei av kulde og minusgrader! Påsken er her, eg har sett snøklokker og påskeliljer, og har frosset på meg forkjølelse på grunn av fotballkamp. Det aller beste med mars var den offisielle opninga av meirope Klepp bibliotek! Ved ein tilfeldighet måtte eg bruke kortet for å kome inn mandag denne veka, og måtte ta meg ihop for å ikkje hoppe av glede då eg var heilt åleine etter stengetid. Happy day!

I mars har eg lest: Mykje bra! Barnebøkene har tatt overhånd på Storytel, og eg må muligens ein tur på biblioteket for å finne resten (alt til Vestly er ikkje spilt inn). Erik Bye-boka var meget bra fordi Dennis Storhøi leser så godt, og eg har havna innom Jane Austen igjen. Det sistnemnte er forøvrig ei stund sidan sist, så det er bare koselig.
  • George Saunders og Lane Smith (ill.): The Very Persistent Gappers of Frip OTS
  • Lucy Maud Montgomery: Anne of the Island (Anne of Green Gables #3)
  • Gareth P. Jones: Arvingene (Thornthwaite #1)
  • Synnøve Eriksen: Kjøkkenskrivere (Jordbærdamene #19)
  • Marta Breen og Jenny Jordahl (ill.): Kvinner i kamp OTS
  • Stefan Zweig: Sjakknovelle 1001
  • Ariana Harwicz: Die, My Love MBIP
  • Anne-Cath. Vestly: Aurora i blokk Z
  • Lisa Aisato: Snokeboka OTS
  • Anne-Cath. Vestly: Åtte små, to store og en lastebil
  • Emma Therese Hansen og Tora Marie Norberg (ill.): Brødrene Bæsj og verdens mektigste hentesveis OTS
  • Anne-Cath. Vestly: Mormor og de åtte ungene i skogen
  • Asbjørn Bakke: Erik Bye
  • Anne-Cath. Vestly: Marte og mormor og mormor og Morten
  • Anne-Cath. Vestly: En liten takk fra Anton
  • Anne-Cath. Vestly: Mormors promenade
  • Jane Austen: Fornuft og følelse
  • Anne-Cath. Vestly: Ole Aleksander Filibom-bom-bom
  • Anne-Cath. Vestly: Ole Aleksander på farten
  • Jane Austen: Overtalelse
  • Anne-Cath. Vestly: Ole Aleksander får skjorte
I mars kjøpte eg: Fem-seks bøker har flytta inn, og alle er hjartelig velkomne. Brødrene Bæsj kom i posten frå forlaget, og den er lest, ledd av og eg har sendt mld til ein kollega om eg kan låne nokre større barn. I posten fekk eg og til min store overraskelse (eg fekk heilt hakeslepp) den nye Jo Nesbø-boka. Den er foreløpig ulest, men meget velkommen.

Månadens store leseoppleving: Erik Bye var som sagt meget bra, men det var første bok om Thornthwaite-tvillingene som vant. Eg har sendt anbefaling to stykker som eg veit har barn i riktig alder, og håper det bidrar til gode lesestunder.

I april skal eg: Ta meg ihop og lese meir til den internasjonale Booker-prisen. 12. april kjem kortlista, og eg har så langt kun lest ei av dei nominerte. Eg har begynt på 2-3 stykker, men så tok alt anna overhånd.

Kva har du lest og opplevd i mars?

XOXO

tirsdag 27. mars 2018

Bok: "Erik Bye"

Forfatter: Asbjørn Bakke (f. 1961)
Utgitt: 2017
Format: Lydbok lest av Dennis Storhøi, 22t43min31sek
Forlag: Lydbokforlaget

Asbjørn Bakke er vaktsjef i Aftenposten og har i over 30 år vore ein av Noregs dyktigste og mest profilerte rockkritikere, blant anna som redaktør i musikkavisa Nye Takter på 1980-talet. Han har gitt ut sjølv og vore medforfatter på bøker om rockhistorien, og kom i fjor ut med biografien om Erik Bye. I bokas takk frå forfatteren vart det avslørt at han har haldt på denne boka i sju år, og det sier litt om kor mykje stoff det fins om Erik Bye.

Erik Bye er eit namn og ein mann som eg ikkje er så kjent med. Eg er hakket for ung til å ha opplevd han både i radio og TV, men eg har høyrt mine foreldre snakke om han både før og etter han døydde. Erik Bye vart fødd i Brooklyn i USA på slutten av 20-talet, og hans far var operasanger Erik Ole Bye. Seinare flytta familien til Noreg, og foreldra opna pensjonat. Erik Bye hadde utferdstrang og reiste til USA etter krigen. Etter fleire år kom han heim, men faren såg han aldri igjen. Operasangeren døydde før sonen rakk heim. Bye har gjort mykje i det norske samfunnet og baksideteksten på lydboka lister opp hans mange sider: "programlederen, journalisten, visesangeren, dikteren, samfunnsrefseren, eventyreren og medmennesket" og då århundrets nordmann vart kåra på NRK i 2005 vart Erik Bye kun slått av kong Olav V og Einar Gerhardsen. 

Då eg såg boka første gong i bokhandelen i fjor var det ikkje umiddelbar glede for det var ikkje snakk om at eg skulle gje meg i kast med den 528 siders tjukke boka om ein mann eg såvidt visste kva hadde gjort. For eit par veker sidan fant eg lydboka utstilt på biblioteket, og den vart med heim. Til tider har eg irritert meg grønn over den unge Erik Bye som på sin USA-farting verken hadde orden på penger eller utdannelse. Eg har humra og ledd meg gjennom store deler av boka, og har dei siste dagane høyrt mange timer for å faktisk bli ferdig. I dag var dagen, og mot slutten rant tårene. Eg har det siste året etter min farfars død hatt lettere for å ta til tårene, og i dag fekk dei renne fritt då Erik Byes liv ebba ut i oktober 2004. Det kan ikkje ha vore lett for Tove Billington Bye å vere gift med Erik Bye, men at kjærleiken stod høgast er det ingen tvil om.

Erik Bye er ein meget velskrevet biografi om giganten, og i skrivande stund høyrer eg hans siste plate Støv og stjerner og kan sjå føre meg korleis den vart spilt inn i Byes eiga stove i Asker. Dokumentarfilmen Giganten (2005) har eg bestilt på biblioteket, og ser fram til å sjå den. Til slutt må eg skrive noko om Dennis Storhøi. Hadde det ikkje vore for at det er han som har lest inn boka er det ikkje sikkert den hadde blitt høyrt. Storhøi leser med bravur, og frå nå av burde han lese alle bøker som eg elles finner keisame. Eg har eit par titler som han godt kunne lest framfor andre, men eg skal la ver å skrive det her. Erik Bye anbefales varmt!

XOXO

søndag 25. mars 2018

Barnebøker: "Snokeboka" og "Brødrene Bæsj og verdens mektigste hentesveis"


Forfatter og illustratør: Lisa Aisato (f. 1981)
Utgitt: 2018
Format: Innbundet, 40 sider
Forlag: Gyldendal

Forfatter: Emma Therese Hansen (f. 1973) og Tora Marie Norberg (f. 1972, ill.)
Utgitt: 2018
Format: Innbundet, 56 sider
Forlag: Figenschou

Forfatter og illustratør Lisa Aisato er ei kjent og elska forfatter i bokbloggermiljøet, og då Aisato annonserte på Facebook at Snokeboka var på veg var den straks innprenta i hjernebarken (og lommeboka). Lisa Aisatos tidlegare bøker er elska av mange, og mine personlege favoritter er nok Mine to oldemødre og barnebiografien om Astrid Lindgren (skrevet av Agnes-Margrethe Bjorvand).

Emma Therese Hansen har jobba som barnebokredaktør i Bokklubben og Schibsted Forlag, og nå journalist og skribent. Ho har tidlegare gitt ut faktaboka Naturen i Jeg vil vite-serien, og er nå aktuell med boka om Brødrene Bæsj saman med Tora Marie Norberg. Norberg er illustratør og kortfilmskaper, og står bak myldrebøkene Jeg elsker Norge og Æ elske Trondhjæm.

Dei som kjenner meg veit at eg brenner for at alle barn skal bli lest for kvar dag. Med jobb på liten avdeling i barnehage er eg førstemann til å foreslå boklesing når eg merker at barna trenger ein pause. Eg har og ein lidenskap for barnebøker, og det flytter inn barnebøker på lik linje med vaksenbøker i mine bokhyller. Etterkvart har eg blitt meir kresen for kva som får flytte inn, og det er ikkje sjelden at eg låner og leser bøkene for barna på jobb, også var eg ferdig med dei.

Snokeboka måtte flytte inn, same dag som den kom til min kjære Norli-bokhandel. Lisa Aisato har skrevet ei bok om mennesker i ein heis. Ei lita flue er og med i heisen, og saman med den får me stifte bekjentskap med alle menneskene i heisen, og kva dei gjer på fritida når ingen ser dei. Som Kurt som setter nasen i veret inne i heisen, men heime hjå seg sjølv danser han cha cha cha i strutteskjørt og sko med hæler. Som Johnny med den flotte hårmanken, men det viser seg at det er parykk og Johnny har knapt hårtuster på skallen. Eller som Susann med den røde hatten, som jobber i barnehage og kler seg ut som panda, setter seg på ein stol og skyfler innpå godteri etter siste barn har gått heim ein stille mandag. Eg nikoste meg, og når teksten flyter avgårde og bileta er som maleri då er eg solgt. Innertier!

Brødrene Bæsj og verdens mektigste hentesveis fekk eg tilbod om på mail frå Figenschou forlag, og eg sa straks ja. Det angrer eg ikkje på. Boka er meint for barn i alderen 6-9 år, men etter endt lesing har den mykje til dei vaksne og. President Promp er i byen med hentesveisen sin, og Billy Bæsj har ligget i telt dei siste ti dagene. Billy ender i presidentens hår og storebrødrene må hente ham ned frå kjendistilværelsen. Når sangene har melodier frå Karius og Baktus og hentesveisen ender opp i ubåten til President Pruttin ler eg meg ende over. Denne må eg nok ha med på jobb, og låne nokre større barn. Anbefales!

Til slutt må eg skrive litt om den fantastiske bokhandelen eg handler i. Då Lisa Aisato annonserte Snokeboka skreiv eg ein kommentar under med bokhandelsjefens namn med ønske om at denne boka måtte inn i butikken. Med travle dager hadde det gått i gløymeboka då eg fredag fekk Messenger-melding med bilete av boka og beskjed om at den hadde komt inn. Skriver tilbake om ho kan legge av ei til meg, og eg henter den i bokhandelen etter jobb. Som sagt, så gjort! Service i alle bauger og kanter!

XOXO